Tor Bruland, 2690 Skjåk  Tlf.975 53 510 post@skjaakhytteservice.no                    

                                                             "Aften rød - gjør morgen klar"




      



"P R I M S T A V E N"



Primstaven var ein evigvarande kalender, som stammar heilt attende til ca. 1200-talet.
Den vart brukt til ut på 1700-talet, mange plassar i landet lenger.
Primstaven vart laga av eit tre-stykke, med sumar på eine sida (14. april -14. oktober) og vinter på den andre sida (15. oktober - 13. april). 
Kvar dag hadde ein strek, og spesielle merkedagar hadde eit teikn.
Teikna kunne variere etter kvar i landet kalenderen var laga.
Kvart teikn fortalde om helgenar eller martyrar som skulle hugsast den spesielle dagen.
Det var òg merkedagar som spådde om ver, vind og avling vidare framover året og ofte inn i  neste.



                   

 

                              MERKEDAGAR MED VERMERKER 
JANUAR


1. januar: "NYÅRSDAGEN"
- Er det klarver og sol i dag, vil det komande året bli godt og rikt.
- Slik veret er i dag, vil året på det næraste bli. Kjem det snø i dag, vil bonden få fint vårver.
- Blir det uver i dag, vil det bli dårleg avling og mykje sjukdom på folk og dyr i året som kjem.

6. januar: ”TRETTANDDAGEN” (”DEN GAMLE JULEDAGEN”) ”HEILAG TRE KONGAR”

- Frå 6. januar til 11. januar kunne ein ta merker for resten av året, 2 månader kvar dag. Førmiddagsveret 6. januar fortalde korleis resten av januar skulle bli.

Ettermiddagsveret fortalde korleis februar skulle bli.

Førmiddagsveret 7. januar fortalde korleis mars skulle bli, osv.

 

11. januar: ”BRETTEMESS”

- Førmiddagsveret i dag fortel at slik blir november, ettermiddagsveret i dag, fortel at slik blir desember.

 

12. januar: "MIDTVINTERDAGEN"
- Denne dagen kjem midt mellom 14. oktober (vinterdagen) og 14. april (sumardagen), og vart derfor kalla "midtvinterdagen".
"I dag den halve vinter går, men verste kulden atterstår", heiter det i ei gamal regle.

13. januar: "TJUGAN-DAGEN"
- Kjem det snø tjugandagen, vil det koma minst 20 snøfall før sumardagen (14/4).

25. januar: ”PÅLSMESS” (”PÅL SKYTTAR”) (”PÅL MED BOGEN”)

- Var det klarver så lenge at ein rakk å sale ein hest tre gonger, kom sumaren til å bli varm. Men året kom og til å bli brukbart, om det var klarver så lenge at ein kunne sela på og av ein hest ein gong.

- Sumarveret skulle stort sett bli slik veret var i dag. Var det godver, skulle det bli godver i høyonna. Var det skya ver, skulle det bli ein regnfull sumar. Var det klarver utan ei sky, spådde det godt ver resten av året. Var det storm på Pålsmess, var det varsel om krig.

FEBRUAR

 

2. februar: "KYNDELSMESS" (”MARIA REINSING”) (”LJOSMESSA”)
- Er det kaldver kyndelsmess, vil kulda vare (enkelte sa i 7 veker).
- Skin sola så lenge på kyndelsmess at ein rekk å sale ein hest tre gonger, er det varsel om at året blir godt.

- Dersom det på kyndelsmess dryp om så berre 3 dråpar på nordsida av kyrkjetaket, skulle det bli eit godt år.
- "Kyndelsmessria" var ei uversperiode som var ventande denne tida.
- Regn på kyndelsmess, gjev frost på korsmess (3/5).

 

3. februar: ”BLÅSMESS”

- Er det vind på blåsmess, vil det bli vind heile året. Andre sa at om det var vind denne dagen, var det varsel om ein god og fruktbar sumar.

- Er det finver på blåsmessdagen, skal det koma til å vare.

 

6. februar: ”DORTEMESS”

- Kjem det snø i dag, vil vinteren bli lang.

 

15. februar: ”SIGFRIDDAGEN” (”FASTINUS-DAGEN”)

- Denne dagen er merkedag for sumaren: Det vart sagt at sumaren ville bli som i dag.

 

22. februar: ”PERSOK” (”PER VARMSTEIN”) (”PETERSMESS”) (”PETERS STOL”)

- Er det kaldt natt til Petersmess, skal det bli 60 frostnetter til, denne våren. Er det pent ver denne dagen, varslar det godver i 40 dagar. Og skin sola så lenge at ein rekk å sela på og av ein hest tre gonger, da vil året bli godt.

- Som veret er denne dagen, skal det bli til sumarmål (14/4). Andre sa at veret vi har i dag vil vare i fire veker.

- Det vart og sagt at veret på Persok skal vara til tredje onsdag etter pinse.

- Er det klårver i dag kan ein vente ein tørr sumar, heitte det og.

 

24. februar: ”MATTISMESS (”MATTISMESSE VÅR”)

- Som veret er denne dagen, skal det vera i 40 netter.

- Mattisdagen hadde stor makt over vinterens is, og dei sa: ”Mattis bryt is, men er det ingen is, så lagar han is”. Dei sa og at er det mildt denne dagen, vil det snart bli kaldare. Og er det kaldt, vil det snart bli varmare.

- Er det sol og vind på Laupårsmess (i skotår, i tidlegare tider når skotårsdagen var ”skutt inn” mellom 23. og 24. februar), skal det bli minst 40 regnversdagar i tida frå Gamle Urbandagen (25/5) til Symphorianus-dagen (22/8).

- Dei bekkane som renn før Laupmess, skal tie etter (dei vil fryse til).

 

29. februar: ”SKOTÅRSDAGEN”

- I tidlegare tider vart skotårsdagen ”skutt inn” mellom 23. og 24. februar. Før i tida rekna dei skotåret som eit uheldig år, og ein måtte vera ekstra forsiktig med alt ein føretok seg. Ein måtte passe ekstra godt på folk og dyr. Skotåra rekna dei som oftast som svært utrivelege.

- Denne dagen kunne alt gå på tverke, alt vart motsatt av det normale. Derfor kunne jentene fri, utan å få nei denne dagen.

MARS

 

9. mars: ”40 RIDDERE”

- Regnar det i dag, kan ein vente regn heile sumaren. Snør det i dag, blir det mykje snø framover våren.

- Det blir tidleg vår dersom det er fint og mildt i dag, men det blir 40 frostnetter, dersom det er frost i dag (var frost i natt).

- Slik veret er i dag, blir det i 40 dagar.


12. mars: "GREGORSMESSE"
- Godt ver denne dagen gjev god vår.  
 

16. mars: ”GUDMUNDDAGEN”

- Snør det i dag, blir det ein god kornhaust. Men dersom snøveret varar til i morgon (Gjertrud-dagen), blir det dårleg kornhaust.

- ”Var Gudmund god, vart ho Gjertrud bedre. Var han Gudmund låk, vart ho Gjertrud verre”.

 

17. mars: ”GJERTRUDDAGEN”

- Denne dagen er det ofte storm og uver.

- Isen på vatna tek til å bli utrygg.

 

21. mars: ”BENDIKMESS” / ”VÅRJAVNDØGN”

- Er det pent ver i dag, blir det eit godt år.

 

22. mars: ”FYRSTE VÅRMESSENATT”

- ”Frys vårmess-nettene tri, skal sumarmål- (14/4) nettene fryse ni”.

 

25. mars: ”MARIMESSE OM VÅREN” / ”MURIMESS”

- Renn det ikkje ein del snøvatn før murimess, vil det og gå ei tid etter, før det tek til å renne.

- Så lenge bekkane renn før murimess på grunn av mildver, så lenge skal dei etterpå stå stille av frost.

- Slik veret er frå ei veke før marimess til sumarnatta (14/4), slik skal det bli om hausten.

- Så mykje snø som det er att på taket marimess-dagen, så mykje skal det vera att på bakken halvarsok-dagen (15/5).

APRIL

 

4. april: ”ST. AMBROSIUS” (”AMBROSIUSMESS”)

- Denne dagen varsla at nå er vinteren snart slutt, men frys det ikkje nå, vil det koma til å bli frost nokre gonger til sumaren.

- Er det frost i natt, vil det bli frost i 40 netter til.

 

              (Her startar sumarsida av primstaven)       

 

14. april: "SUMARDAGEN"
- Er det varmt i dag, blir det varm vår.

- Blir sola bråvarm sumardagen, blir det torver (men torden i april spår godt og fruktbart år).
- Kjem det snø sumardagen, kan ein vente snø 9 gonger før sumaren kjem.
- Så tett som snøen fell sumardagen, så tett blir det av fluger og klegg i sumarvarmen.

- Så bart som det er på hustaka i dag, så bart skal det vera på marka Hallvardsok (15/5).

- Fraus det natt til 15. april, skulle det bli tre frostnetter om sumaren. Den fyrste omkring jonsok (24/6), den andre omkring olsok (29/7), og den tredje omkring barsok (24/8).

 

16. april: ”MAGNUSMESS” (”TREDJE DAG SUMAR”)

- Det blir mykje klegg til sumaren, dersom det kjem snø i dag.

- Er det sunnanvind i dag, er det varsel om vårflom.

- Vestavind varsla godt fiske på sjøen.

 

28. april: ”GAMLE SUMARMÅL”

- Kom det snø ein av dei siste dagane i april, varsla det dårleg sumar.

MAI

 

3. mai: ”KROSSMESSE OM VÅREN”

- Er det kaldt krossmesse-nettene, kjem kulda til å halde seg i tre veker.

- Det vart venta ei periode med surt og kaldt ver frå krossmess – ”krossmess-ria”.

 

12. mai: ”JARNNETTENE OM VÅREN”

- Dei tre komande nettene (12. 13. og 14. mai) rekna rein med fare for frost.

 

15. mai: ”HALVARSOK”

- Er det godver denne dagen, og heile denne veka, blir det ein kald og dårleg sumar.

- Men er det kaldt desse dagane, blir det ein varm og god sumar.

 

16. mai: ”SARA-DAGEN”

- Frys ho Sara, vil det bli eit frostår.

 

18. mai: ”ERIKMESS”

- Frå den kanten vinden blåser i dag, vil det blåse mest frå til sumaren.

- Det blir ein kjøleg og fuktig sumar, dersom gauken gjel i svart skog erikmess-dagen.

 

24. mai: ”ESTER-DAGEN”

- Det skulle ikkje bli frostskade på kornet om hausten, dersom det var mildver og ikkje nattefrost natt til esterdagen.

 

25. mai: ”URBAN-DAGEN”

- Klart og fint ver på urbanusdagen spådde varm sumar, godt og mykje bra korn.

- Ei regle om denne dagen er slik:

            ”Om solen St. Urbans dag skinner så klar,

            rikelig med bær vi i vente har.

            Regner det, kan vi ulykke vente,

            det vet de gamle som dagen kjente.”

- Ei anna regle lyer slik:

            ”St. Urban (25/5) vil oss sumaren sende,

            St. Semphorian (22/8) er han til ende.”


JUNI
 

3. juni: ”SKOKLEFALL” (”RASMUSDAGEN”)

- Sumaren skal bli god, dersom det kjem snø i skoklefall.

- ”Snø i skoklefalle, er like godt som sau-talle (saue-gjødsel)”, heitte det.

 

8. juni: ”MEDARDUS-DAGEN” (”GILDARDUS-DAGEN”)

- Er dagen god, skal det bli godt år og godt korn.

- Er det regnver på medardus, vil det bli ein våt haust.

- Slik ver det er medardus, skal det bli i fire veker framover.

 

22. juni: ”BLOMSTERDAGEN” (”DEI 10.000 RIDDERE / MARTYRER”)

- Nå har sola snudd.

- Var det turrver før solsnu, skulle det bli regn etter. Var det regn før solsnu, ville det bli turrver etter.

 

24. juni: "JONSOK" / "SANKTHANS"
- Regnar det sankthans, vil det bli ein blaut haust.
- Sankthans-regn vil vare i seks veker.
- Det vil bli lite klegg, dersom det er regn og dårleg ver på jonsok.
- Ved jonsok kjem "elg-kulda". Det er ei kuldeperiode for at den nyfødde elgkalven skal bli herda.
- Veret vil snu seg ved jonsok. Var det ein regnfull vår og forsumar, vil det frå jonsok bli turt og varmt. Og omvendt; dersom det var turr vår og forsumar.

- Det vil gje dårleg multeår, dersom det er dårleg ver sankthans.

JULI

2. juli: ”SYFTESOK”

- Slik veret er syftesok, slik vil det halde seg til olsok (29/7).

- Er det regnver syftesok, kan vi vente oss regnver i 14 dagar.

 

14. juli: "MIDTSUMARDAGEN"
- Midtsumar blir rekna midt på sumarhalvåret; tida frå 14. april til 14. oktober.
- Veret resten av sumaren skal bli som veret midtsumar-dagen.

20. juli: "MARI VASSAUSE"
- Nå frykta folk at det skulle bli regn, for ho Mari hadde som oftast noko i ausa si.
- Mari kjem med ausa si for å gje jorda væte.
- Kom det regn denne dagen, ville det bli regn i fleire dagar, og det ville bli vanskeleg med høyturk.

22. juli: ”MARIA MAGDALENAS DAG” (”MARIA STOL”) (”GODVERSBØNNEDAG”)

- Nå skulle ein be om høyturk, og at det ikkje måtte bli flaum.

- Dei gamle sa at vart jorda oppbløytt nå, kom ho ikkje til å turke så mykje at det vart høyturk god nok.

 

23. juli: "HUNDEDAGANE" GÅR INN
- Hundedagane varar frå 23. juli til 23. august.
- Går hundedagane inn med regn, går dei utatt med væte.

- Dersom hundedagane startar med godt ver, sluttar dei gjerne med dårleg ver, og omvendt.

- Det veret hundedagane går inn med, vil vi få ha i sju veker framover.

- Veret hundedagane vil gjerne vera trått.

- Hundedagane sleikjer seg inn og biter seg ut.

- slik veret er 1. hundedag, slik vil og resten av dagane bli.

- Dei tre fyrste dagane varslar veret for alle hundedagane: er det dårleg ver, skal resten bli gode. Er dei tre gode, vil resten av hundedagane bli dårlege.

- Vi vil få same ver i tre veker framover, som veret tredje hundedag.

- Regnar det 4. hundedag, vil det bli regn i sju veker framover.

- Det vil bli fint ver så lenge hundedagane varar, dersom det er fint ver 4. og 5. hundedagen.
- Hundedagane vart og kalla "røytmånad". Denne månaden kunne det vera ein del "røytver" (rått og utrygt ver).

25. juli: ”JAKOB VÅTHATT” (”JAKOBSMESS”)

- Jakob Våthatt kom ofte med regn, og gjorde det vanskeleg å få tørka høyet.

- Denne dagen vil det helst vera regnver.

- Regnar det denne dagen, blir det ein våt haust.

- Er det styrtregn i dag, varslar det at det vil koma ei lengre godversperiode.

- Slik veret er i dag, vil det bli i fleire veker (3, 4, 7 veker).

 

26. juli: ”ANNADAGEN”

- Annadagen eller sjusovardagen (27/7) vil det gjerne bli regn.

 

27. juli: ”SJUSOVARDAGEN” (”MARTADAGEN”)

- Er det regn i dag, vil det vare i 7 veker.

- Regnar det sjusovardagen, vil hausten bli mild og god.

- Dersom det regnar både ”Sjusovardagen” og ”Olavsvaka” (28/7), da vil hausten bli dårleg.

- Slik veret er sjusovardagen, slik vil det bli i sju veker framover.

- Det blir eit godt år dersom det er klart og fint ver i dag.

- Ein kan vente regn ”Annadagen” (26/7) eller ”Sjusovardagen” (27/7).


29. juli: "OLSOK" ("OLAVSDAGEN")
- Dersom sola skin så lenge olsokdagen at ein rekk å sale ein hest, vil året bli godt.
- Er olsokdagen våt, må bonden hauste med gråt.
- Skjer det at det er fullmåne olavsdagen, vil det bli ein streng og hard vinter.
- I innlandet venta dei nattefrost omkring olsok.

AUGUST

10. august: ”LARSVIKU-DAGEN” (”LARSOK”)

- Larsokveret vil vara til Barsok (24/8).

- Veret larsok er varsel om korleis hausten blir: er det regn, vil det bli ein regnfull haust. Turt ver larsok, varslar om ein turr haust.

- Klårver larsokviku er varsel om ein hard og streng vinter.

- Er det skya og lufta tjukk larsokdagen, varslar det om ein fuktig vinter.

- Etter gamalt sa dei at; frys kornet natta til larsok, da blir det eit barkebrødår.

 

23. august: ”SISTE HUNDEDAG”

- Hundedagane går ut.

- Dei verste frostnettene om hausten kjem etter at hundedagane har gått ut. Dei farlegaste er ”jarnnettene” (27/8 – 29/8).

 

24. august: ”BARSOK” (”BARTHOLOMEUS-MESSE”)

- Barsokfrost er verste veret i året, sa dei etter gamalt.

- Det var merke på godt haustver, dersom det var klårver på barsok.

- Ved barsok er det utrygt for nattefrost.

- Er det barsokfrost, blir det mange matlause, heitte det før i tida.

- Veret på barsok, skal vara til krossmesse (14/9).

- Er det vestaver på barsok, blir det lang (sein) vår, men austaver er varsel om tidleg vår.

 

27. august: ”FYRSTE JARNNATT”

- Frå i natt, og tre netter framover, er det fare for nattefrost.

 

29. august: ”TREDJE JARNNATT” (”JOHANNES HALSHOGG”

- I natt kjem den siste – og verste – jarnnatta, med fare for nattefrost.

SEPTEMBER

 

1. september: ”KVERNKNURREN”

- Pent ver i dag, varsla om tørke og lite nedbør utover hausten. Da vart det lite med vatn til dei små bekkekvernene, og vanskeleg å få malt kornet.

- Regn på kvernknurr, varsla om regn i 7 veker framover.

- Slik ver det er på kvernknurr, slik vil det bli heile månaden, vart det òg sagt.

- Er det godt og fint verd ei to fyrste dagane i september, da vil det vare ved fram til mikkelsmesse (29/9).

 

8. september: ”MORSMESSE” (”MARIAS FØDSEL”)

- Er det fint ver morsmesse, er det varsel om ein fin haust.

- Veret på morsmesse vil vare i 4 veker, heiter det og.

 

14. september: ”KROSSMESSE OM HAUSTEN”

- Helga ved krossmesse vart og kalla ”sau-helga”, da var det vanleg å gå på ”sau-sanking” i fjellet (ta heim sauane for vinteren). Dei eldre sa at i sau-helga er det som oftast dårleg ver.

 

21. september: ”MATTISMESSE” (”MATTISMESSE HAUST”)

- Dagen vart og kalla ”Mattisdag”, og ”Mattis lauvrivar”, fordi det nå kunne vera så sterk vind at lauvet bles av trea.

 

29. september: ”MIKKJELSMESS”

- Dersom det er frost før mikkjelsmess, vil det òg fryse etter valborgsdag (1/5, gaukmess).

- Vi vil få eit frostår, dersom det fryser fyrste natta etter mikkjelsmess.

- Dersom det er så mykje sol mikkjelsmess at ein rekk å sale ein hest, skal den komande sumaren bli god.

OKTOBER

 

4. oktober: ”ST. FRANS”

- Er det godt ver denne dagen, vil det bli godt ver heile månaden.

 

7. oktober: ”BRITEMESS”

- Frå nå vil det bli ei stutt periode med pent ver, heitte det før i tida.

 


    (Her startar vintersida av primstaven)         

 

14. oktober: ”VINTERDAGEN”

- Før vart denne dagen rekna som begynnelsen på året, fyrste kalenderdag.

- Vinterdagen var ein viktig merkedag for vinterveret.

- Vinteren skal bli slik som veret er vinterdagen.

- Kjem det snø vinterdagen, vil det koma regn sumardagen (14/4).

- Blir det storm fyrste vinterdag, spår det ein stormfull vinter.

- Det er varsel om ein god vinter, dersom det er godt ver vinterdagen.

- Er det dårleg ver vinterdagen, skal det bli ein snø-vinter.

- Går det lang tid etter vinterdagen før det kjem snø, vil det bli tidleg vår. Men det vil bli sein vår, dersom snøen ligg frå vinterdagen.

- Skin sola så lenge vinterdagen at ein rekk å sale på og av ein hest, skal det bli fin vinter.

 

21. oktober: ”JOMFRUDAG” (”ELLEVE TUSEN JOMFRUER”) (”URSULADAG”)

- Var det mildver denne dagen, var det varsel om ein hard vinter.

 

28. oktober: ”FØREBOD” (”SIMONSMESS”)

- Denne dagen varslar om at ein nå kan vente vinteren, med snø og slede-føre.

NOVEMBER

 

1. november: ”HELGEMESS” (”ALLE HELGENS DAG”)

- Dersom isen legg seg like etter helgemess, vil det bli mykje is. Men dersom isen legg seg på helgemess, vil det bli dårleg is til vinteren.

- Er det regnver på helgemess, vil det vara til jul.

- Mange sa at: ”Kjem ikkje snøen til Helgemess (1/11), så kjem den i hvert fall før Mortensmess (11/11).

- I tida omkring helgemess venta dei ei ri med regn og vind; ”Helgamesstøyren”.

- Ei gamal regle lyer slik:

            ”Hvis du vil vite hva vinter vi får

            da Alle Helgens dag (1/11) ut du går,

            leter i skogen etter alm eller bøk,

            med den du kan gjøre dette forsøk:

            Skjær en flis og se om den er tørr eller fuktig.

            Sikker da vær:

            at om den er tørr, blir vinteren god

            med varme dager i overflod,

            men om den er fuktig,

            da vite du skulde

            at vinteren kommer med

            sne og med kulde.”

 

11. november: ”MORTENSMESS” (”MORTENSDAG”)

- Dersom det er streng kulde før mortensmess, vil vinteren bli fuktig, men ikkje så kald.

- Var det regnver på mortensmess, ville det vara fram til nyttår.

- Er det klarver på mortensmess, vil det bli ein hard vinter.

 

23. november: ”KLEMETSMESS”

- Var det regn på klemetsdagen, kom det til å regne i 50 dagar.

- Er det kaldt klemet, vil det og ”klemme til” med kulde seinare.

- Er klemet mild, blir vinteren mild.

- Var det klårver på klemet, ville vinteren bli streng.

 

25. november: ”KARIMESS” (”KARI MED ROKKEN”)

- Var det kaldt karimess, var det varsel om ein streng vinter.

 

29. november: ”ANDREAS-AFTEN”

- Denne dagen kan du finne ut nedbørsmengda for neste år: Ta ein bolle og fyll den med vatn og set den ut. Veks det med vatn (er nedbør), vil året bli fuktig med mykje regn. Minkar det i bollen, eller frys, er det tegn på at neste år vil bli tørt, og lite regn til sumaren.

 

30. november: ”ANDERSMESS” (”ANDERS FISKAR”)

- Er det kaldt på andersmess, vil det bli ein kald vår.

DESEMBER

 

21. desember: ”TOMASMESS” (”TOMAS BRYGGJAR”)

- Like før jul venta dei ei mildversperiode. Den kom ofte med tomasmess, og vart derfor mange plassar kalla ”Tomas med bøtta” eller ”lefsetøyren” (”kakelinna” vart og sagt), fordi ein på denne tida baka lefser og kaker til jul.

- Var det klårt og fint ver på tomasmess, skulle det bli slik heile vinteren.

 

23. desember: ”VESLEJULAFTAN” (”TORLAKDAGEN”) (”TOLLEMESS”)

- Dersom det regna veslejulaftan, kunne ein vente ei langvarig regnversperiode.

 

24. desember: ”JULEKVELDEN”

- Det spådde mild påske, dersom det var kald jul. Og mildver i jula varsla om kaldver i påska.

- Er trea tunge av snø julekvelden, er det varsel om at det komande året skal bli godt.

- Er det klarver, med mykje stjerner julekvelden, er det varsel om at det komande året skal bli godt.

- Fyk det snø inn på låven julenatta, vil det komande året bli eit godt kornår.

 

31. desember: ”NYÅRSAFTEN”

- Er det mange stjerner på himmelen denne kvelden, vil året bli rikt, og det vil bli mykje molter.

- Er det vind, blir det eit middels bra år.

 



                   



YMSE  OM  MERKEDAGAR:


HUNDEDAGANE, 23. JULI – 23. AUGUST

  - Vers om hundedagane:

  ”Hundedagene kommer med makt,

  se på min sunnhet jeg må gi akt!”

  - I hundedagane burde ein ikkje bade, og heller ikkje la seg årelate. Da kunne ein bli sjuk på sinnet, sa dei etter gamalt.

  - Det vart sagt at alt var utryggt i hundedagane.

  - Dei gamle sa at hundebitt er farleg i hundedagane. Hundane var galne og farlege for folk denne tida.

  - Hundedagane vart og kalla ”røytmånad”. Denne månaden kunne det vera ein del ”røytver” (rått og utrygt ver).

  - All mat har lett for å råtne og surne i røytmånaden.

  - Får ein sår i røytmånaden, har det lett for å bli verk i det, og det gror seint.

  - Denne tida skulle ein heller ikkje sitte på bakken, da kunne ein få hudsjukdommar og byllar, sa dei etter gamalt.


 

OLSOK 29. JULI

  - Olsok er til minne om Olav den Heilage, som fall på Stiklestad, 29. juli i år 1030.

  - Dagen var ein nasjonal festdag i middelalderen og lenge etter.

  - Olsok vart rekna som halv fridag, og vart ofte feira med rummgraut og nybryggja øl.

  - Det var skikk at gutungane reiste opp til setrene, gjekk frå seter til seter og tiggde rumme. Dei hadde ofte med seg spelemann, og om kvelden samla folket seg rundt olsok-bålet, til dans og moro.

  - Olsokdagen skulle ikkje noko unødig arbeid gjerast. Den som arbeide, skulle misse ei ku. Ho kom til å gå utfor eit stup, eller bjørnen kom til å ta ho.

  - Olsokdagen gifta kleggen seg, så frå nå ville folk og krøtter sleppe å bli plaga av dei lenger.

  - Denne dagen hadde det heilage vatnet i alle Olavskjelder ekstra stor kraft. Dei sjuke drakk av vatnet for å bli friske, og ved å vaske seg i vatnet kunne ein bli kvitt utslett og sår.






Til startsida:

På toppen av alle sidene våre,
oppe til venstre, er denne logoen:



        Denne kan du klikke på,
        for å koma attende til startsida.

    Denne sida sist oppdatert: 12.03.10



       

 

YMSE  VERTEGN  OG  MERKER

MIDTSUMAR, 14. JULI

  - Midtsumar blir rekna midt på sumarhalvåret, tida frå 14. april til 14. oktober.

Etter gamalt var midtsumar ein festdag. Da skulle det vera høgtidskost, slik som rømmegraut og spekemat.

  - På setrene var det ofte brukt å feire midtsumar ved å samlast, gjerne til ein svingom på ei seterkve.

  - Dei brukte å ta vermerke av midtsumar-dagen: resten av sumaren skulle bli som veret midtsumar-dagen.

HUNDEDAGANE, 23. JULI – 23. AUGUST sjå nederst til venstre.

OLSOK 29. JULI sjå nederst til venstre på sida her.


    ************************


    ************************


"Unormalt med ein meter snø før jul..."
21.11.08: Snømålet, ved H2.
Meteren er passert...!

Are på hotellet hermer etter bestemor si, Berta Grotli (d. 1996, 90 år gamal), at det er "unormalt" med ein meter snø på Grotli før jul.

         

   




YMSE  VERTEGN  OG  MERKER


SANKTHANSKVELDEN, JONSOK-KVELDEN (23/6)

  - Denne dagen og kvelden var forbunden med mykje mystikk, og var ein av dei viktigaste merkedagane i året.

  - Det vart pynta med friskt lauv både hjå folk og dyr, for det kunne verne mot underjordiske, og alt trollpakket som var på ferde denne kvelden.

  - Det skulle stå ei bjørkebuske i peisen, og golvet skulle vera strødd med hakka einer.

  - Ein kunne og verne seg ved ein grundig vask, eller bade i heilage kjelder og vatn.

  - Vorter og utslett kunne ein bli kvitt denne kvelden, for vatnet hadde lekjande kraft.

  - Urter og planter som skulle brukes til medisin i det komande år, måtte plukkes sankthanskvelden, etter solnedgang, men før det grydde av dag. Helst skulle ein bruke sylvkniv å skjera plantene med.

  - Jonsokkvelden kan ein ikkje bruke noko som er kvasst. Alt er laust denne kvelden, derfor kan ein koma til å skada seg, dersom ein brukar kniv eller anna ”eggjarn”.

  - Over båsen til kyrne sette dei ein einer-kvist til vern mot alt det onde. Den gamle kvisten skulle dei brenne.

  - Var ein unge sjuk av svekk, tok ein eit laken og drog det på marka til det var blaudt av doggen. Så tulla ein ungen inn i lakenet, og ungen ville bli frisk - men dette måtte skje jonsokkvelden.

  - Mot mange sjukdomar og plager vart det ofte brukt blodigler for å befri dei sjuke for det ”dårlege” blodet. Desse iglene skulle ein samle ved sankthans.

  - Folk som var sjuke, skulle bade i avkok av lauv og planter som var plukka sankthansnatta. Da ville dei bli friske att.

  - For at husdyra skulle halde seg friske heile året, skulle ein gje dei planter som var plukka ved midnatt jonsokkvelden.

  - Dogg sanka sankthansnatta har magisk kraft, blandt anna kunne blinde få att synet når dei smurde augene sine med dogg, men dette måtte gjerast ved midnatt.

  - Var nokon plaga av utslett og sår, skulle dei sankthansnatta gå ut og rulle seg nakne i doggen i graset. Da skulle dei snart bli friske att.

  - Vaska du kroppen din i jonsok-dogg, slapp du å få lopper.

  - Kunne du finne ni forskjellige slag blomar, skulle du binde ein krans av dei. Hengde du så kransen inne på veggen, ville den bringe lykke i huset.

  - Ein blomsterkrans av ni forskjellige slag blomar kunne du legge under hodeputa di jonsoknatta, da ville du bli sanndrøymt (det er forskjellige meining om antal blomsterslag, summe meinar sju slag, andre seier berre at det skal vera oddetal, helst 3, 7 eller 9 slag).

  - Med blomsterkransen under hodeputa kunne du få drøyme om din tilkomande, eller du kunne få veta kven som skulle bli gift før neste sankthans.

  - Den som ville drøyme om sin tilkomande kunne jonsokkvelden legge seg i eit rom der ingen hadde sovi før. Men det var viktig at ein ikkje sa eit ord mens ein var der.

  - Eit råd ein kunne prøve for å bli sanndrøymd, var å gå i doggen på sju (ni) jorder til sju (ni) forskjellige eigarar sankthanskvelden. Men ein måtte ikkje tala mens ein var ute.

  - Ved midnatt sankthanskvelden kan alle dyr tala. Er du i fjøset eller ute i skogen denne stunda, kan du høyre og forstå kvad ei seier.

  - Jonsokkvelden kunne ein slå litt av det beste graset for å gje til dyra som var sjuke. Ein kunne og tørke og oppbevare det, for å ha det i tilfelle sjuke dyr i det komande året. Dei meinte at jonsokslått gras hadde helberedande kraft.

  - For å verne åkeren mot underjordiske, kunne ein sankthanskvelden stikke ein gjenstand av stål i kvart hjørna av åkeren, da ville ein få fint korn om hausten. I staden for stål, kunne ein bruke bjørkekvistar.

  - Det var og brukt at husmora gjekk ut på åkrane sankthanskvelden, for ”å vekke åkeren”. Da plukka ho nokre blomar og strå ved kvar åker, som ho batt til ein krans. Så gjekk ho rundt åkrane og sa:

  ”Vakne opp, vakne opp,

  både åker og eng,

  nå har du sovi så lenge i seng.

  Nå har det vori både snø og regn,

  og nå har sankthansnatti komi”.

Kransen av blomar og strå tok ho med seg heimatt, for den var lykkebringande.

  - Ser du eitt blått ljos sankthanskvelden, bør du starte å grave der med det same. For der skal det

ligge ein skatt begravi. Men hugs: du må ikkje seia eit einaste ord før du har fått skatten trygt opp.

Ellers vil den bli borte att, rett framfor deg.

  - I huldrevatna var det berre sankthansnatta ein kunne få fisk. Det var huldra sitt eige vatn, og det gjekk ikkje an å få fisk der andre gonger.


YMSE OM JONSOK, SANKTHANS

  - Lufta var full av hekser og andre onde makter denne kvelden. Dei rei gjennom lufta på solvar, halve dører, staurar eller anna merkeleg ”køyredoning”.

  - Etter gamalt brukte dei å skjera ein kross i skaftet når dei laga solvar, for at ikkje trollkjerringane kunne bruke dei til å ri på.

  - Sankthansbålet var opprinneleg til beskyttelse mot alt det onde som hadde stor makt denne natta. Elden hadde rensande og beskyttande krefter.

  - Bålet skulle blandt anna bestå av tjæretønner, for det likte ikkje trollpakket.

  - Mange plassar har det vori brukt å brenne ein gamal båt i sankthansbålet.

  - Krafta av bålet skulle vera enda sterkare dersom alle dansa parvis i ring rundt bålet.

  - For å symbolisere det som spira og grodde, og som skapte nytt liv, vart det mange plassar arrangert ”jonsokbryllup”. Dette var bryllaup på ”liksom”, og det var ungar som var brudepar. Brudeparet hadde alt som høyrde til, både kjøgemester, spelemann og bryllupsklær, og brura hadde krone.


OM KRISTI HIMMELFARTSDAG (HELGETORSDAG) 
- Frå den kanten vinden blåser Kristi himmelfartsdag, skal den for det meste blåse resten av året.
- Slik veret er helgetorsdag, vil vi få ein fjerdedel av sumaren.
- Vi vil få same veret som helgetorsdag i tre (andre seier sju) veker framover.
- Var det skyfri himmel helgetorsdag, skulle det bli ein lang og varm sumar.
- Det var svært uheldig å arbeide Kristi himmelfartsdag, da utset ein seg for ulykker.
- Men sengeklær og kvardagsklær skulle luftast kvar Kristi himmelfartsdag.
- Ein skulle få fisk heile sumaren i det vatnet ein fekk fisk Kristi himmelfartsdag, - om det så var berre ein einaste ein.

PINSE
- Er pins-veka varm, blir det ikkje varmare om sumaren.
- Når pins-veka er varm, blir sumaren kald.
- Men er pins-veka kald, blir sumaren varm.
- Etter pins-regn, kjem ein tørr sumar.
- “Er pins våt, blir det mykje gråt”. Dei meinte det ville bli ein tørkesumar, og dårleg avling. Det ville føre til matmangel.
- Er det varmt 1. og 2. pinsedag, vil det bli veromslag og kjøleg ei tid.
- Det veret som er 3. pinsedag, vil halde seg i tre veker framover.
- Sumaren vil bli som veret 4. pinsedag.
- Ved pinse vil det vera ei periode med dårleg ver - pinsria.


    ************************


   - Er det snøfokk eller snødrev på dei høgste fjelltoppane eller fjellryggane, blir det snart sterk vind.

   - Trekker rypa lenger ned i skogen enn ho vanlegvis har tilhald, kan ein vente snø og styggver. Set ho seg i bjørka er det eit fælt snøver i vente (nedbør i vente).
   - Det er eit godverstegn at rypa trekker opp i fjellet.

   - Kjem uveret brått, varar det ikkje lenge, men aukar vinden i ro og mak - varar den og neste dag.

   - Sprett det glør fram or peisen eller ovnen, blir det stygt ver og snødrev.

   - Når røyken som stig opp or ovnspipa slår ned, vil det bli mildare

   - Ring rundt månen er varsel om verskifte, snø eller annan nedbør.
   - Aften rød, gjør morgen klar.
   - Morgen rød, pisser i sjø (kjem nedbør i løpet av dagen).

           

  


 

OVERSIKT...
...namn på merkedagar i året:
01/01: "NYÅRSDAGEN"
06/01: ”TRETTANDDAGEN” (”DEN GAMLE JULEDAGEN”) ”HEILAG TRE KONGAR”

11/01: ”BRETTEMESS”

12/01: "MIDTVINTERDAGEN"
13/01: "TJUGAN-DAGEN"
25/01: ”PÅLSMESS” (”PÅL SKYTTAR”) (”PÅL MED BOGEN”)

02/02: "KYNDELSMESS"
03/02: ”BLÅSMESS”

05/02: ”ÅGOTMESS”

06/02: ”DORTEMESS”

15/02: ”SIGFRIDDAGEN”  (”FASTINUS-DAGEN”)

22/02: ”PERSOK”  (”PER VARMSTEIN”) (”PETERSMESS”) (”PETERS STOL”)

24/02: ”MATTISMESS (”MATTISMESSE VÅR”)

29/02: ”SKOTÅRSDAGEN”

09/03: ”40 RIDDERE”

12/03: ”GREGORSMESS”

16/03: ”GUDMUNDDAGEN”

17/03: ”GJERTRUDDAGEN”

21/03: ”BENDIKMESS” / ”VÅRJAVNDØGN”

22/03: ”FYRSTE VÅRMESSENATT”

25/03: ”MARIMESSE OM VÅREN” / ”MURIMESS”

04/04: ”ST. AMBROSIUS”  (”AMBROSIUSMESS”)

06/04: ”GAMLE MURIMESS” / ”GAMLE VÅRFRUMESS”

14/04: "SUMARDAGEN"
16/04: ”MAGNUSMESS” (”TREDJE DAG SUMAR”)

23/04: ”ST. JØRNS DAG”

25/04: ”MARKUSMESS” (”STORE GANGDAGEN”)

28/04: ”GAMLE SUMARMÅL”

01/05: ”GAUKMESS”  (”VALBORGSDAG”)

03/05: ”KROSSMESSE OM VÅREN”

12/05: ”JARNNETTENE OM VÅREN”

15/05: ”HALVARSOK”

16/05: ”SARA-DAGEN”

18/05: ”ERIKMESS”

19/05: ”VOKINNE”

22/05: ”BJØRNEVOK”

24/05: ”ESTER-DAGEN”

25/05: ”URBAN-DAGEN”

03/06: ”SKOKLEFALL”  (”RASMUSDAGEN”)

08/06: ”MEDARDUS-DAGEN”  (”GILDARDUS-DAGEN”)

15/06: ”VITUSMESS”  (”LAUGARMORGON”, ”STELLEMORGON”, ”VASKENATT”)

17/06: ”BOTOLVSMESS”  (”BOTSOK”)

22/06: ”BLOMSTERDAGEN” (”DEI 10.000 RIDDERE / MARTYRER”)

24/06: "JONSOK" / "SANKTHANS"
29/06: ”PERSOK”  (”PETERSMESS”)

02/07: ”SYFTESOK”

08/07: ”SELJEMESS” (”KJELL FUT”, ”KJELL SVIEBYGG”)

10/07: ”KNUTSOK” (”KNUT MED LJÅEN”, ”KNUT KONGE”)

11/07: ””KARI MED RIVA”

14/07: "MIDTSUMARDAGEN"
20/07: "MARI VASSAUSE"
22/07: ”MARIA MAGDALENAS DAG” (”MARIA STOL”, ”GODVERSBØNNEDAG”)

23/07: "HUNDEDAGANE" GÅR INN
25/07: ”JAKOB VÅTHATT”  (”JAKOBSMESS”)

26/07: ”ANNADAGEN”

27/07: ”SJUSOVARDAGEN”  (”MARTADAGEN”)

29/07: "OLSOK" ("OLAVSDAGEN")
03/08: ”OLAVSMESSE” (”VESLE OLSOK”)

10/08: ”LARSVIKU-DAGEN”  (”LARSOK”)

15/08: ”MARIAMESSE”  (”MURIMESS”)

23/08: ”SISTE HUNDEDAG”

24/08: ”BARSOK”  (”BARTHOLOMEUS-MESSE”)

27/08: ”FYRSTE JARNNATT”

29/08: ”TREDJE JARNNATT”  (”JOHANNES HALSHOGG”

01/09: ”KVERNKNURREN”

08/09: ”MORSMESSE” (”MARIAS FØDSEL”)

14/09: ”KROSSMESSE OM HAUSTEN”

21/09: ”MATTISMESSE”  (”MATTISMESSE HAUST”)

29/09: ”MIKKJELSMESS”

04/10: ”ST. FRANS”

07/10: ”BRITEMESS”

14/10: ”VINTERDAGEN”

17/10: ”VEDADØGRET”

21/10: ”JOMFRUDAG” (”ELLEVE TUSEN JOMFRUER”) (”URSULADAG”)

28/10: ”FØREBOD”  (”SIMONSMESS”)

01/11: ”HELGEMESS” (”ALLE HELGENS DAG”)

11/11: ”MORTENSMESS”  (”MORTENSDAG”)

20/11: ”HALMNEIPA”

23/11: ”KLEMETSMESS”

25/11: ”KARIMESS” (”KARI MED ROKKEN”)

29/11: ”ANDREAS-AFTEN”

30/11: ”ANDERSMESS” (”ANDERS FISKAR”)

04/12: ”BARBROMESS”

06/12: ”NILSMESS” (”NILS SKINNBROK”)

08/12: ”MARIAS UNNFANGELSE”  (”VÅR FRUE VENTEDØR”)

09/12: ”ST. ANNA” (”ANNADAG”)

13/12: ”LUCIA DAGEN”  (”LUSSIMESS”, ”LUSSINATT”)

21/12: ”TOMASMESS” (”TOMAS BRYGGJAR”)

22/12: ”SOLSNUDAGN”  (”VINTERSOLKVERV”)

23/12: ”VESLEJULAFTAN”  (”TORLAKDAGEN”) (”TOLLEMESS”)

24/12: ”JULEKVELDEN”

25/12: ”JULEDAGEN”

          -- ”ROMJULA”

31/12: ”NYÅRSAFTEN”






      





Til toppen av denne sida...    







                *******








 Klukkargarden Disain© 2007 Lenke