Tor Bruland, 2690 Skjåk  Tlf.975 53 510 post@skjaakhytteservice.no                    

_________________________________


           "Ola-Bu" i Hamsedalen...
                                                 ...og litt om historia bak.



  
Slik kjem ein til Ola-Bu...

Om ein tek turen frå Hamsevika, innover langs elva Hamsa,
går ein innover Hamsedalen.
Innover der er det fleire små vatn. Eg har aldri høyrt andre namn
på vatna, enn 1., 2., 3., 4. og 5. vatnet.
Terrenget innover der er lett å gå!
Går ein på venstre side av elva, kjem ein etter knapt ein times gange
(ca 3 km) til Ola-Bu, som ligg ved 2. vatnet.
Ola-Bu ligg på ca 995 m.o.h.




Slik møter du Ola-Bu, ved 2. vatnet...
         




Litt om historia til Ola-Bu...
     Historia om Ola-Bu er lang. Vi kan starte med å sjå litt i fyrste hytteboka for Ola-Bu...



Slik startar hytteboka:
         
                                      "Me elskar kvar vor vesle flekk - som me av denne verdi fekk."



Den 30. juni 1957 står dette i hytteboka:
         
       Var her første gang efter at Ola døde. Isen låg enda på vatnet, bare en liten del ved naustet var isfritt.
       Men her var strålende fint vær.
       Golvet var nylakert og alt var i beste orden da eg let upp. Du ordna vel i stand siste gang du var her Ola, 23/9-56.
       Signa være ditt minne, og Takk for alt. Og bui skal vera oss eit varigt minne um deg, og heite
                                                                   Ola-Bu      
                                                                                                                                                   Magne.

Det var nok denne dagen den fyrste hytteboka kom til Ola-Bu. 

Det var onkel Ola Brustugun (f. 21.01.1913 - d. 29.12.1956) og far, Magne Brustugun (f. 02.10.1910 - d. 03.01.1995),
som i si tid sette opp denne fiskebua.


Vidare skriv far i hytteboka:
     "Det var sumaren 1940 eg og Ola første gangen kom hit til Hamsedalen. Vi reiste til Legerhytta i Breidalen, og da
     brukte vi vanleg sykkel, så skulde vi også ta en tur til Vien og prøve fisken der...
     ...Oss hadde
hørt at det var mange tjern her i Hamsedalen og vi tok heimturen herum, men her var nok ikkje fisk.
     Oss sat på høgdene her og såg på denne herlegdomen, men fiskevak var ikkje å sjå. Oss vart forlikte um at her i  
     Hamsedalen måtte det vera muglegheit for eit eldorado for folk såm var glad i fjellet og fiske, og at her måtte noe gjøres.
     Men det var vanskeleg å få gjort noe efektivt desse krigsåra, vi var her i mange sumrar på feri før vi fekk sjå fisken
     vake.
     År 1944 fekk oss i samråd med Skjåk fjellstyre fanget en del småfisk i Glittra og slept her. I 1945 fanget vi cirka
     100 fisk i Ottaelva og bar hit. Og dette vart så grunnstammen for fisken her, og nå vart det vak og få sjå på vatni..."


Naust og båt i 1948...
Når så det viktigaste - fisken - var på plass, vart neste mål å få båt og ein stad å overnatte her.
I 1948 skaffa dei båt, som vart kjøpt på vestlandet og frakta hit opp. Denne vart kalla "Storbåten".
Naust vart òg sett opp ved 2. vatnet. Det vart òg brukt til overnatting. Der hadde dei ved-omn for fyring.
Denne omnen bar onkel Ola på ryggen innover.

         
          Her er naustet ved 2. vatnet, som vart oppsett i 1948  (bilde teke ca 1948 - 1956).



Draumen om ei fiskebu blir realisert.


Draumen, og planen, var å få opp ei fiskebu i Hamsedalen. Ola og far fann ein fin plass ved 2. vatnet,
der bua skulle stå.
Tømmeret i bua er frå eit gamalt eldhus frå søre Haugen på Dalom, i Skjåk. Dette vart ordna i stand nede i bygda,
for transport til Hamsevika i Breidalen, etter at Geirangervegen vart opna, våren 1955.
Ola Klepp køyrde tømmeret nordover på lastebil, og han hugsar at det var den 16. juni. Han hugsar òg at det var så mykje snø, at dei la stokkane rett opp på brøytekanten.

Dugnad.

Så var det dugnad, og mange karar var samla for å dra tømmeret innover Hamsedalen på skareføre, ved hjelp av reinskjelkar. Desse var lånt frå fleire plassar i bygda. Dei var tre menn på kvar kjelke, og brukte tre kjelkar. 
På denne oppgåva brukte dei to dagar (18. og 19. juni).
Under transporten innover hadde dei fint skareføre, begge dagane.


Frå transporten innover Hamsedalen, juni 1955...    
         
          Karane drog tømmeret innover ved hjelp av tre reinskjelkar                                  (Bilde lånt av Skjåk historielag)


         
                                                                                                                                         (Bilde lånt av T. Brustugun)

         
                                                                                                                                         (Bilde lånt av T. Brustugun)

          19. juni 1955...
         
          Onkel Ola, når dei drog tømmeret innover. Bak på bildet står det: "Den 19. juni 1955"


          Tømmeret er på plass... 
         
          Her har dugnadsgjengen fått på plass tømmeret ved 2. vatnet, der fiskebua skal settes opp.

Karane på bildet er...
      Fremste rekkje frå venstre:
           Kristen Brennhaug, Per Bjørgen, Amund Dalen, Ola Brustugun, Rikard Grande og Magne Brustugun (far).
      På toppen av haugen, frå venstre:
           Andreas Aabuen og Jo Brustugun.
      Ola Klepp var òg med, men her er det han som er fotografen.

Glas (vindauger), dører, taktro og golvbord vart bore på ryggen innover seinare på sumaren.
Onkel Ola var ”primus motor” for bygging av bua, med god hjelp av far.




Fiskebua blir ferdig, hausten 1956...

         
          Onkel Ola ved fiskebua - seinare kalla "Ola-Bu" - i 1956.

          


Siste helsing frå onkel Ola...
Det einaste skrevne minnet vi har etter onkel Ola frå Ola-Bu, er ei fjøl han skreiv på, siste gongen han var der. 
Det siste han gjorde før han reiste att, var å lakke golvet - no var fiskebua ferdig! 
På fjøla står det:
      "Var her 23/9 56, det er vel siste gang for i år. Det er pent ver, sol og fine farger.
       Takk for i sumar. God Jul og Godt nyttår.    O.B."
Berre 3 månader og 6 dagar seinare døyde han.
         
          Fjøla heng over døra inne i Ola-Bu, som eit minne, og ei siste helsing frå han.

Onkel Ola døyde av kreft, knapt 44 år gamal.
Han rakk dessverre ikkje å få nyte denne bua etter at ho vart ferdig. 
Den siste sumaren (1956) var han ofte svært sjuk. Det er beundringsverdig at han i det heileteke fekk gjort ferdig fiskebua!



Livet går vidare...

Sjølv om onkel Ola hadde gått bort, skulle fiskebua bli flittig nytta i åra framover. 
Det ville nok ha vore hans ønskje òg...


Min fyrste tur til Ola-Bu...
         

         

Fyrste gongen mor, eg og Marit-syster var med far til Ola-Bu i Hamsedalen, var juli 1957, da var eg 4 ½ år gamal.
Vi låg der ei veke.

Det var ofte folksamt i Ola-Bu, 6-8 personar var ikkje ”unormalt”, og gjerne opp til ei veke om gongen.

Den som stod for ”hushaldet” måtte vera flink til å planlegge.
Ikkje var det så ”enkelt” som i dag å koma dit heller.
Bil hadde vi ikkje, det var å ta bussen frå heime til Grotli. Der laut vi skifte buss, med alt "pikk-pakk", og ta
"Geiranger-bussen" til Hamsevika. Så laut ein bera alt på ryggen, og i hendene, innover.

Når vi skulle til Hamsedalen, hadde vi mellom anna med eit stort spann med mjølk. Dette vart oppbevara i ei ”mjølkekjøle” i ein bekk litt opp for Hamsevika.
Slik kunne vi gå framover frå Hamsedalen, og hente kald mjølk i mindre spann.

 


         



Båten ”Tommas”.

August 1957 ordna far med båt på 4. vatnet.

Båten vart fyrst frakta til Ola-Bu, ved 2. vatnet, av ”… ein flokk med folk…”, som det står i hytteboka. Båten vart der tjærebredd, før den vart frakta videre til 4. vatnet. Om dette skriv far i hytteboka:
    
”Båtdåp.

     Den blev døpt som seg hør og bør av Halvard Skår, sundag 28/8, med medbragt flaske. Men da den smalt mot stammen 
     var den tom. Navn på barnet: Tommas.”

Grunnen til at båten fekk dette namnet er at han som hadde laga den heitte Tommas.

         

         


Vedsanking...
Det var ikkje enkelt å frakte ved til Hamsedalen, den måtte i så fall berast - som alt anna. Derfor brukte vi å sanke "busker og kratt" - rundt om i området.
For ikkje å ta all vegetasjon rundt hytta, vart det rodd over vatnet, og sanka på andre sida. Der var det "solside" og einer og vier var mykje større og kraftigare.
Her er bilete av nokon som har vore på vedsanking...
         

          I hytteboka står det, 30. juli -58: "...han kom att med båten full av fin einer..."


          
Mange besøkjande, opp gjennom åra...
Når ein ser igjennom dei gamle hyttebøkene, ser ein at mange har vore innom i Ola-Bu.
Og mange er det som har lagt att helsing i hyttebøkene. Nokre har òg lagt att "kunstneriske innslag".
Kanskje var det den friske lufta, og den fine naturen som inspirerte?

          

Desse to helsingane er frå 1960.


          

       
   
  
     På desse bileta er gjester både frå Skjåk, 
     Fron, Snertingdal, Oslo og Amerika...


Slekt og venner - frå "fjern og nær" - har vore på besøk i Ola-Bu...
         
        
             

         
                                                                    (Desse to bilda er lånt av T. Brustugun)

Som vi ser - det var ofte folksamt i Ola-Bu. Mange hadde Hamsedalen som "turmål".
For enkelte var det for dagstur, for andre var det for nokre dagars ferie...



"Verdskjendt" bilde...
På 60-talet tok Kristian P. Hosar dette bildet av far i Hamsedalen. Kristian sende det inn til "Magasinet for alle". 
         

Bildet av far kom på framsida av "Magasinet for alle"!                                                                 (Foto: K. P. Hosar) 



"Storhaugen"
Like ved Ola-Bu er ein stor haug, som vi har brukt å kalle "Storhaugen".
Når eg gjekk igjennom gamle bilder, fann eg dette av far, ved haugen.
         
På baksida av bildet, er dette notert: "Trollhaugen, med Trollporten. Den er låst med 7 lås."  



Vinter...
Det var ikkje vanleg at vi tok turar til Hamsedalen vinterstid.
Men påska 1974 tok eg og Marit ein skitur til Ola-Bu. Vi kunne køyre til Grotli.
Vi gjekk frå Grotli og over Kjerringhøi. 
         
          Her står vi på Kjerringhøi, og ser ned i Hamsedalen.                       Matpause ved Ola-Bu, 11. april -74.
          Ola-Bu i den raude ringen på bildet.



Far og Hamsedalen...
Far brukte alle feriar, og fritid, i Hamsedalen. Sjølv om laurdag var arbeidsdag, reiste han - etter arbeid -
til Hamsedalen for å tilbringe resten av helga der.
Det var dette som var avkobling frå kvardagen, og Hamsedalen som var ”Paradis på jord”!

         
          Far i sitt "rette element" - 1982.



Neste generasjon...

Leif og Geir var så heldige å få oppleva fleire turar saman med bestefar til Hamsedalen og Ola-Bu.
Her er frå nokre av turane...

          Dagstur til Hamsedalen og Ola-Bu, den 8. juli 1981
         
          Godt med ein kvil før 1. vatnet...    

         
          Utsyn over Ola-Bu og 2. vatnet, og innover til 3. og 4...    



          Fisketur, 19. - 20. juli 1982
         
          Pause før 1. vatnet... Geir, far og Leif.    
        
            
       Garngreiing...                                                                  Nattas fiskefangst...

         
          Leif og Geir hjelper bestefar med å greie garna...   



          Skitur, 4. april 1983
         
          Her står far, Leif og Geir på taket av båtnaustet.  

         
          Matpause ved Ola-Bu.   



          Fisketur, 17. - 18. september 1983
         
          Leif og far, snart framme ved Ola-Bu...


            
       18. september 1983                                                      29. september 1986



Siste tur til Ola-Bu...
Siste gongen far var i Hamsedalen var 24. - 26. juni 1988. Det var han, Leif, Geir og eg (Tor).
I hytteboka har eg skrivi:
       "Far er snart 78 år og fèr omtrent så lett som oss dei andre.
        Far har smurt Storbåten utvendes og Tommas innvendig."

Han hadde, som alltid, "huksott" (følte ansvar) for at alt skulle vera velstellt og i orden... 



Villreinen kosar seg òg ved Ola-Bu...
         
                                                                                                                                                    (Foto: E. Sperstad)           



Turar til Hamsedalen...

Kvart år prøvar eg å få minst ei helg til fisking i Hamsedalen, ein og annan dagstur, og litt vedlikehald...

          Fisketur.  Ved Ola-Bu og 2. vatnet, juli 1981.                        
         
      



          Tjærebreing, august 1990
         
          "Storbåten" får ein omgang med tjære...



          Vedlikehald, juni 1997
         
          Skifting av glas...    
          Etter at vi fekk moglegheit til å frakte ved, materialar og utstyr med snøscooter på vinteren, vart ting enklare.
          Her har eg køyrd innover nytt glas (vindauga), da det gamle laut skiftast ut.
          Tjære for tjærebreing av hytta hadde eg òg med.



          Tjærebreing, august 1997
         
          Her får Ola-Bu eit nytt strøk med tjære...   
          Ver og vind set nok sine spor...



          Henting av båten "Tommas", mai 1998
         
          Båten "Tommas", som kom til Hamsedalen i 1957, har snart sett sine "beste dagar".
          Her hentar vi den heim, for vurdering av reparasjon...



          Ny båt, mai 2002
         
          Våren 2002 var vi til Selje og henta ny båt, ein "Saga-Båt". Denne vart frakta til 3. vatnet, og ligg der. 



          Fisketur.  Ved 3. vatnet, august 2004.                       
         



    **************************************************************************************
    **************************************************************************************



                           Slik ligg ho der og ventar - vår kjære Ola-Bu...

         

                                                               Peikande burt imot villaste Vestland
                                                               ligg staden eg prise vil med ein lovsang.
                                                               Torvtekte hytte med glittrande rute
                                                               blenkjer i minnet så ofte der ute...
                                                               Brattaste lende med gulbrune hytte,
                                                               her kan du kvile, og her kan du lytte!            (Fritt etter dikt av Tea Kummen)
    
    

          
    ***************************************************************************************
    ***************************************************************************************



Far hadde planer om å skrive ned historia om Ola-Bu.
I fyrste hytteboka har han skrivi om når dei kom til Hamsedalen fyrste gongen, og om planting av fisk. Det er avsett fleire blanke sider i hytteboka for fortsettelsen, men - dessverre - han kom aldri lenger.
Her har eg, etter beste evne, prøvd å hugse resten av historia som eg vart fortald.
Ein del gamle bilder seier òg sitt, men (dei fleste) bileta manglar årstal og namn... 
Men barndomsminna frå Ola-Bu og Hamsedalen er der, om ikkje alt kan tidfestast med årstal...

Takk til:
- Ola Klepp for opplysningar, og bekreftelse av mine "antagelsar".
- Tor J. Brustugun for lån av gamal album, der eg fann bilder av transporten og besøk i Ola-Bu.
- Skjåk historielag for lån av bilde.
- Og alle dykk andre som har bidrege med varige minner.


Som eit minne om far og onkel Ola, legg eg i dag - på dagen 54 år sidan transporten av Ola-Bu - ut denne historia og "minneboka"...

Takk for ideen dykk fekk i 1940, far og Ola!
Og takk for at dykk gjennomførte den!

                                                                                                  Tor.


               




*******************************************************



   Til toppen av denne sida...       




Denne sida vart utlagd 19. juni 2009. 
Bileta er frå ca 1955 og fram til i dag... 


Far


Onkel Ola












************************



   Attende til startsida...






Klukkargarden Disain© 2007