Vinteren er komen.
Sola står lågt på himmelen – når den er framme. Det går nok litt om senn til den blir heilt fråverande, nokre veker…
I helga kom Kong Vinter til fjellheimen!
I år – som før om åra – omtrent som ”julekvelden på kjerringa”. Før om åra har vinteren og snøen ofte kome mykje tidlegar, men ein del vart nok overraska i år òg. Som han som aldri hadde vore til Grotli før, men skulle til ei hytte å utføre eit ærend. I ca 35 cm snø – i småsko og slips, ikkje brøyta, og dermed eit ekstra stykke å gå.
Dessverre opplevde vi at det ikkje vart brøyta over dammen til vinterparkeringsplassen i helga. Sjølv om vi veit at vi har sisteprioritet – så hadde det vore ynskjeleg…
Vi er nok fleire som ventar i det lengste, og kanskje litt til, før vi tek den siste turen om hausten, for å frakte ting til eller frå hytta. Nokon håpar kanskje framleis at det skal bli moglegheit…
I går målte eg ca 35 cm snø her ved hytta hjå oss.
Minst like mykje i H1, og høgare oppe i hyttefelta kan ein nok rekne med at det er enno litt til…
På Grotli målestasjon var det registrert ”berre” 15 cm. Det bekreftar det vi har erfart i ”alle år”: Oppe i hyttefelta er det meire snø! Det gjeld hyttefelta både i Grotli og Breidalen.
Snømålet ved krysset Strynsfjellvegen/Skridulaupråket såg slik ut i dag:
Men det har vore ein fin haust! Noko vi, som husbyggjarar, har sett ekstra stor pris på!
I førre veke kom huset under tak, og er no bra inntetta for vêr og vind, men framleis står ein del utearbeid att der…
Men det har vore nokre spennande veker i det siste, og aldri har vi vel studert vêrmeldingane så ofte og så grundig som vi har gjort dei siste vekene.
Sidan 1993 (23. året i år) har eg notert dato for siste gongen det har vore mogleg å køyre bil til vår hytte om hausten. Det er berre 9 (av 22) tidlegare år det har vore mogleg å køyre etter 15. november. Ca ei veke ut i november ser ut til å vera det mest ”normale” for oss, til vår hytte.
No er det berre å belage seg på ein meir isolert tilverelse – utfluktene, og lufteturane, blir noko begrensa. Det same blir utvalget av bileter eg har å vise fram. Men eg skal ikkje kjede meg! Eg har så mange planer og ”prosjekt” å ta fatt på!
Kan elles opplyse at no har vi Jets frostvæske på lager att, i Grotli!
Grotli Høyfjellshotel minner om førjulskvelden, for hyttefolket med vener, den 5. desember.
Bli med, og meld dykk på!
– Klikk på biletet for større versjon!
* * * * * * * * * *