Vi gløymer så lett…
Det kan ofte vera godt at vi har den eigenskapen, at vi gløymer det som var mindre bra, men hugsar det som var fint og godt. Utsagnet: ”Alt var så mykje bedre før…”, kan vel ofte vera nettopp av den grunn. Vi hugsar best det som var bra.
Her om dagen traff Tor ein hytteeigar som meinte at i år er det ekstra sein vår! ”Kor lenge kan det vera sidan sist det var så sein snøsmelting?”
Vi skal nok ikkje lenger attende enn til år 2012, som ein ser her på webkamera-bileta frå den 31. mai åra 2010 – 2015:
Åra 2008 (og kanskje 2007?) og 2005 var det nok òg sein snøsmelting.
Var ein tur borte i Kjossvingen i går, for å sjå korleis det ser ut der, den 31. mai i år:
Den 31. mai 2013 såg det slik ut:
Men den 31. mai 2005 såg det slik ut:
Da brøyta dei også frå aust, men dei siste åra har Strynsfjellvegen stort sett vore brøyta berre frå vest. No er det slutt på dei gamle brøytestikka over fjellet, nytt moderne utstyr gjer at brøytinga går etter GPS.
Nokon hevdar at Strynsfjellvegen vart opna like tidleg før i tida når dei måka for hånd, som no når dei brukar fres. Vell – enkelte år med lite snø kan det kanskje stemme. Men eg meinar òg eg har høyrt at det var dei åra dei ikkje rakk å halde vegen oppe særleg lenge om sumaren. Når det hadde vore vinter med mykje snø, sein snøsmelting – og snøen la seg att tidleg om hausten…
Dette postkortet frå 1936, er frå Strynsfjellvegen, frå den tida dei måka over Strynsfjellet for hånd med spade. Litt av eit slit!
Når ein ser attende på tidlegare år, om så berre 10-12 år, ser ein at våren i år ikkje er så ”unormal”, her på fjellet! Slik var det før vi fekk oss hytter her – og slik har det vore etter. Og slik vil det nok bli framover…
Vi hadde ikkje unormalt mykje snø i vinter, men nysnø og kjøleg både i april og mai. Kan nemne at middeltemperaturen for mai 2013 var 5,4°, medan middeltemperaturen for mai i år har vore 1,9°.
Neste år får vi kanskje tidleg vår, og mild mai månad – så gløymer vi at vi meinte at våren i år er sein !!!
Ha ein fin junimånad – enten det blir vårmånad eller sumarmånad!
* * * * * *