Juli kom med sumaren!
Dei fyrste dagane med sol og varme – som fekk fart på snøsmeltinga! Og nok av snø var det å ta av i fjellet, etter denne kjølege våren.
Når ein ser på data frå Meteorologisk institutt sin målestasjon på ”Gamle-Grotli” (Grotli Fjellstue), som har vore i drift sidan hausten 2008, stemmer det vi har følt – det har vore ein kjøleg vår! -Den kjølegaste våren dei siste 7 åra! Det har vel vore sagt at: ”Etter 7 gode år, kjem 7 dårlege år..”. Vi får håpe at dette ikkje er starten på 7 dårlege!
Desse dagane med sol og varme førte til at bekkar og elver gjekk flaumstore. Her er eit bilete frå den øverste hengebrua over Måråe:
Og den nederste hengebrua over Måråe:
No dei siste dagane har vi hatt regn, og kjøleg vêr.
Det vart litt sumarblomar ute hjå meg i år òg. Eg ”må ha” litt blomar ved inngangen… Men det blir ”stusslege greier” når ein ikkje får planta før siste dagane i juni, om lag ein månad etter alle andre. Og kva slag blomar kan overleve ei sumarnatt, der temperaturen kan koma under 0°? Men nokre sjanser må ein ta…!
Vi må ha trua på at sumarvarmen kjem att – og at vi får ein lang og fin sumar!
* * * * * *