Før: Seterysteri – No: Seterpensjonat.
Alltid spennande når det skjer noko nytt i bygda!
Billingen Seterpensjonat vart offisiellt opna 1. juli i år (2015).
Huset er eit gamalt tømmerhus, som vart flytta frå Ramstadstronda til Billingen i løpet av 2013/2014.
Her kan ein få servert mat, kaffe og ”biteti” (kaker) – og drikke av ”alle slag” .
I 2. etasje er det rom for overnatting.
Ein fin og triveleg stad for å ha ”kalas” (selskap) er det òg, dersom det er noko spesiellt ein vil feire.
Billingen Seterpensjonat er òg eit fint utgangspunkt for fjellturar, jakt og fiske.
Gamle postkort.
Mi interesse for gamle postkort og bileter blir berre større, når ein ser korleis stader og bygningar har endra seg. Opp gjennom tidene har dette seterområdet vore nytta som motiv på mange postkort. I mi samling har eg nokre. Mellom anna den gamle utleggsbrua…
…fossen og elva som brusar forbi.
Frå 1919, til ut på 1930-talet, var det seterysteri i huset som stod her.
Etter at det vart slutt på ysteri, vart bygningen nytta som kafè, i ein del år.
Men, som så mykje anna, har staden endra seg.
I 1953 vart ysteri-bygningen teken ned. Berre ystbua stod att, og vart nytta mest som ”dagshytte”.
Når heilårsvegen vart bygd gjennom Billingsdalen, vart det ny bru over elva Tora, og vegen vart lagt utanom området der det før var ysteri.
I 2013 tok eg ein del nye bileter av stader eg hadde gamle postkort frå. ”Billingen Seterysteri” såg da slik ut:
Det var berre den gamle ystbua som stod der. Men den vart òg rivi seinare på året. Førebuingane til ”Billingen Seterpensjonat” tok til!
Den gamle ysteribygningen ”lever” framleis.
Men kva med den gamle ysteribygningen, som vart teken ned i 1953?
Den kjøpte Trio Tamreinlag, og sette opp att i Hamsevika. Den har gått under namna ”Reinshytta”, ”Gjetarhytta” og ”Slakteriet”, da den mellom anna vart nytta når Trio Tamreinlag dreiv reinsslakting.
Her er eit bilete av hytta (tidlegare ysteriet), teke ca 1955, i Hamsevika.
Eit firma kjøpte den for ein del år sidan, og brukar den som firmahytte.
Hytta står framleis, men med store endringar og ombyggingar.
– – – –
Det var, stutt fortalt, historia om staden som i 1919 vart Seterysteri – og i 2015 Seterpensjonat.
Hittil har vi vore der to gonger i sumar – og kan anbefale staden! Triveleg er det der, og god mat blir servert! Og dersom du er ekstra heldig – tek vertskapet, Marianne og Arnstein, fram toradaren sin og underheld gjestane sine!
Ynskjer Marianne og Arnstein LYKKE TIL med Billingen Seterpensjonat!
* * * * * * * * * * * *