Fint i fjellheimen!
No er det fint i fjellheimen, med haustfargene som gjer at landskapet skin – som om det var av kobber!
Nysnøen på Skridulaupen, for nokre dagar sidan…
…berre framheva haustfargene.
Det meste av nysnøen er borte no…
Og nok ein gong har Grotli vore på kuldetoppen!
Natt til måndag (21. september) var det registrert -4,2° på Grotli målestasjon.
Men klårvêr og fint om måndag…
Og når vêret på TV2-nyheitene vart presangtert om kvelden, synte dei òg fram kor fint det var i Grotli…
…trass kaldast i landet om natta!
Luksusproblem?
Når eg sit og skriv blogginnlegga mine, har eg eit problem – særleg no denne tida, når naturen er på det vakraste! Det er så mange bileter eg gjerne skulle ha vist dykk! Facebook-venene mine er sikker sååå lei alle biletene eg legg ut frå området rundt meg…
Alle desse kveldshimmel-bileta…
…ja, til og med av solnedgangen, sett frå vindauga…
Frå turar i området, m.a. med bilete mot Grotlivatnet…
…og frå ein tur til Breidablikk, med utsyn mot aust og Breidalsvatnet…
Og ein liten luftetur i dag, nede ved Grøntjønna…
Eg får satse på at nokon med hytte her i området har interesse av å sjå…!
Er redd at det går litt om senn til alle desse fine fargene er borte, og at landskapet blir dekka av eit kvitt teppe. Men vi håpar at det enno er nokre veker før det skjer!
Heilt til slutt:
Ei lita ”hytteservice-melding”.
Tøming av hyttedoar, med sugebil, blir ikkje før over helga. Om fleire vil melde seg på, er det berre å kontakte Tor på tlf.: 97553510, seinast sundag!
Med dette håpar eg at finvêret fortset, og at alle får
ei god og fin helg!
* * * * * * * *