1. september – «Kvernknurren»
1. september – og dermed tek hausten til å sette sine spor.
I liene og på myrene ser ein at haustfargene tek til å koma…
Om denne dagen si primstaven:
1. september: «KVERNKNURREN» (lokalt: «Kveinnkeill’n»)
– Pent vêr i dag, varsla om tørke og lite nedbør utover hausten. Da vart det lite med vatn til dei små bekkekvernene, og vanskeleg å få malt kornet.
– Regn på kvernknurr, varslar om regn i 7 veker framover.
– Slik vêret er på kvernknurr (1/9), slik vil det bli heile månaden, vart det òg sagt.
– Er det godt og fint ver dei to fyrste dagane i september, da vil det vare fram til mikkelsmess (29/9).
– Dei tre fyrste dagane i september sa dei at bjørnen gjorde istand hiet sitt, dei kalla desse dagane “bjørneturka”.
Dersom dette stemmer med vêret i dag, ser det ut til at vi skal få ein del regn framover.
Men vi hadde ein del regn i august òg…
Når ein ser på statistikken frå meteorologisk institutt for Grotli målestasjon, får ein bekrefta at vi hadde ein blaut og kjøleg august i år.
– og den fine augustmånaden vi hadde i fjor – den må vi ta vare på i minnet.
Men vi skal heller ikkje gløyme at vi har hatt mange fine dagar i august i år òg! Mellom anna med tangering av den varmaste augustdagen på fleire år. Og at vi hadde berre ei frostnatt!
– Heillstuguvatnet, sett frå sørsida og vestover…
September kan òg vera ein fin månad, slik som i fjor. – Vi håpar at slik blir det i år òg!
Vi får berre nyte det beste av det som kjem.
Minner om Skjåk Turlag sin tur:
«Siste tur for sesongen er søndag 4. september. Da blir det tur ved gamle Strynefjellsvegen (fra Måråe til Vassvendtjønnene). Dette er en historisk tur, og den er kort og lett.
Frammøte: Ved Bruvoll (for samkjøring) kl. 9.00.
Turleder er Bjørn Dalen.
Vel møtt!»
Eg har prata med turleiar, som opplyser:
Reknar med stopp på p-plassen ved bommen ved Heillstuguvatnet, ca kl 09:30. Frå der må ein nytte bil inn til Vargevasskulane.
Samkøyring anbefales!
Med dette bilete teke ved Kjostjønne for eit par dagar sidan (i regnvêr)…
…ynskjer vi ei god helg til alle!
– Og kanskje kjem det litt ekstra «helgelesnad» frå bloggforfattaren, som har brukt regnvêrsdagar på «Før i tida…».
* * * * * * * * * * * * * * * * * * * *