«Dags dato» – 23./24. juni…
Korleis har det vore før om åra? Er det «som normalt» i år?
Her er nokre bileter og lauvblad frå St.Hans.
Dessverre har ein ikkje dokumentasjon for mange år attende. Ikkje tenkte ein over at ein skulle starte «dokumentering» heller, før det hadde gått mange år, og ein tok til å stille seg spørsmålet…
Vi feira ein del St.Hans-kveldar her på 1990-talet òg, men dårleg med bileter som viser t.d. snømengda rundt om i fjella. Ein vart nok meir ivrig til å ta bileter etter at ein fekk seg digitale kamera, og etter at ein fekk interesse av «før og nå».
Bileter teke same stad, St.Hans-kvelden.
Fann nokre bileter, frå før «den digitale tida» kom, som eg har skanna. Dei siste åra har vi vore meir bevist på å ta «det same biletet» kvart år.
År 2000
Notert i hytteboka: «Vi var heldige med vêret – opphald og vindstille».
År 2001
Notert i hytteboka: «Det var eineståande fint vêr: mildt og heilt stille».
År 2002
Ingen notat i hytteboka om vêret.
År 2003
Notert i hytteboka: «Fint vêr, nokre få regndråpar da det var tid for å gå innatt».
År 2004
Ingen notat i hytteboka om vêret.
År 2005
Ingen notat i hytteboka om vêret denne kvelden. Men som ein ser ligg det jamvel att is på tjønna.
År 2006
Ingen notat i hytteboka om vêret.
År 2007
Ingen notat i hytteboka om vêret.
År 2008
Ingen notat i hytteboka om vêret.
År 2009
Meteorologisk institutt sine registreringar på Grotli målestasjon denne dagen:
Maks. temperatur: 15,2° Min. temperatur: 6,0° Middel temperatur: 9,9° Nedbør: 0,5 mm.
År 2010
Meteorologisk institutt sine registreringar på Grotli målestasjon denne dagen:
Maks. temperatur: 16,1° Min. temperatur: -0,1° Middel temperatur: 9,6° Nedbør: 0,1 mm.
År 2011
Meteorologisk institutt sine registreringar på Grotli målestasjon denne dagen:
Maks. temperatur: 13,0° Min. temperatur: 6,5° Middel temperatur: 7,4° Nedbør: 1,6 mm.
År 2012
Meteorologisk institutt sine registreringar på Grotli målestasjon denne dagen:
Maks. temperatur: 14,2° Min. temperatur: 4,1° Middel temperatur: 10,1° Nedbør: 0,0 mm.
År 2013
Meteorologisk institutt sine registreringar på Grotli målestasjon denne dagen:
Maks. temperatur: 16,1° Min. temperatur: 7,0° Middel temperatur: 11,4° Nedbør: 2,1 mm.
År 2014
Meteorologisk institutt sine registreringar på Grotli målestasjon denne dagen:
Maks. temperatur: 8,8° Min. temperatur: 2,6° Middel temperatur: 5,4° Nedbør: 5,0 mm.
År 2015
Meteorologisk institutt sine registreringar på Grotli målestasjon denne dagen:
Maks. temperatur: 14,8° Min. temperatur: 3,2° Middel temperatur: 7,0° Nedbør: 0,5 mm.
År 2016
Meteorologisk institutt sine registreringar på Grotli målestasjon denne dagen:
Maks. temperatur: 15,8° Min. temperatur: 5,5° Middel temperatur: 10,6° Nedbør: 0,1 mm.
År 2017
Meteorologisk institutt sine registreringar på Grotli målestasjon denne dagen:
Maks. temperatur: 11,5° Min. temperatur: 0,7° Middel temperatur: 8,3° Nedbør: 0,0 mm.
Best ser ein nok forskjellen, når bileta er oppstilt ved sida av kvarandre:
– Klikk på bileta for større versjon.
Lauvblad, teke frå same bjørka ved hytta.
År 2000 tok eg til med lauvblad-samlinga mi. Dei viser tydeleg korleis våren hadde vore.
Kald vår = små lauvblad. Mild vår = store lauvblad.
Etter signal eg har fått, er det fleire som tek til å bli interessert i å sjå forskjellar frå år til år…
– Alle bileta er «klikkbare», for å sjå større versjon.
* * * * * * * * * * * * * * *