Heilt utruleg…
”Eg høyrer gauken i sommarnatta
eg høyrer vemod i heilolåt.
Litt oppi lia ein rypstegg skratta’
ved stranda ventar ein gamal båt.”
(Utdrag av Finn Sandum sitt dikt)
No er det haust – og denne båten har nok venta lenge!
Men dei siste dagane / vekene har det vore fint og mildt haustvêr, og eit flott fargespekter!
Når ein ser attende på tidlegare år, er det berre heilt utruleg!
I og med at eg ikkje tek lange fjellturar, har eg nok vore flittigar til å ta bilen i år, for å ta ”rusleturar” i terrenget. Til ”vinter-prosjektet” mitt mangla eg framleis nokre bileter langs Strynsfjellvegen. Det er ikkje kvart år den er open denne tida på året.
Mot Mårådalsmunningen…
I nokre gamle skriv, las eg at dalen med Heillstuguvatnet vart kalla Heillstugudalen…
Mellom anna skulle eg ha eit bilete av Herberget – Vassvendherberget – som ligg mellom vegen og Vassvendtjønnene…
…her sett frå ”baksida”, opp mot vegen.
Eg og Dora gjekk og rusla ved Vassvendtjønnene, og gløymde heilt klokka og avtala vi hadde…
På eit gamalt kart frå 1842 har eg sett at denne dalen vart kalla Vassvenddalen. Korkje namnet Heillstugudalen eller Vassvenddalen har eg sett nytta dei seinare åra. Kanskje ein skulle ta til å bruke dei att, for å bedre stadfeste det ein pratar / skriv om?
Vassvendtjønnene og Vassvenddalen mot vest…
Den finaste plassen?
Trur ikkje eg veit nokon finare stad med haustfarger, enn Glåmbakktjønne med Skridulaupen i bakgrunnen!
Prøvar å ta ein tur dit kvar haust, når haustfargene er på det finaste! Eg var nok heldig med turen dit i går – i dag er det overskya og grått, og vinden røskar i lauvet…
Det var òg litt rart å tenkje på, når eg gjekk der: for 6 år sidan denne dato, låg det om lag 20 cm nysnø her! Oppe i hyttefelta ca 30 cm!
Ja, det kan vera stor forskjell frå år til år!
Men no reknar eg med at det er slutt på utfluktene mine, for å samle haustfargebileter, for i år!
Men heldigvis rakk eg òg å sjekke kor fint det er ved det gamle myldhuset ved Gamle Geirangervegen…
…og haustfargene ved Vuluvatnet, sett frå Måsåbakkane…
Min konklusjon er: Denne hausten har vore heilt utruleg fin – denne kan vi leva lenge på!
I morgon skriv vi 1. oktober
– for Skjåk Hytteservice er det starten på vintersesongen. Starten for dei som har vintertilsyn på hytta si. Avtaleforlenging (rekning) er utsendt, men dersom fleire ynskjer ei slik avtale er det berre å ta kontakt – enten det gjeld vintertilsyn eller heilårstilsyn!
Ein annan ting som er heilt utruleg…
…er kva folk finn på å kaste i søppelcontainerane!
Dette er noko av det renovatørane og Skjåk Hytteservice (som har tilsyn med containerane, m.a. vurdere når tøming er nødvendig, måke bort snø osv.) har teke ut av containerane no den siste månaden.
Dette har det vore reagert på fleire gonger dei siste åra, m.a. av media, utan at det ser ut til å hjelpe.
På alle containerane står denne plakaten:
med klår beskjed om kva som IKKJE skal i containeren (her markert med raud ring rundt)!
For å fjerne det som ikkje høyrer til der, må enten renovatøren ta ein ekstra tur for å hente heile containen, køyre den ned på miljøstasjonen og tøme den, og køyre den oppatt, – eller nokon andre må køyre tinga ned på miljøstasjonen. Skjåk Hytteservice (Tor) har hatt mange ekstra turar til miljøstasjonen dei siste åra, på grunn av dette. Dette kostar, og er mykje ekstra arbeid, enten det er renovatøren eller andre som må gjera det! Og enkelte gonger har det dei har rydda ut av containerane vore oppi att kasta når dei har kome for å hente det – eller at det har kome enno meire der!
Skjåk kommune har no sendt dette skrivet til alle hytteforeiningane, med kopi til Skjåk Hytteservice, og ber dei informere:
Dette gjeld ALLE som nyttar seg av søppelcontainerane som står plassert ved / i hyttefelta i bygda!
Eg berre gjentek kva avisa GD skreiv for to år sidan, vedr. denne saka:
”Skjerpings!” !!!
Elles minner eg om at det er ”Blues Over Tregrensa” på Grotli Høyfjellshotel komande helg. Og i Bismo er det «Hausttakk-marknad».
Sjølv om yr.no melder om litt ruskete vêr og ein del vind i slutten av veka,
– ynskjer eg alle ei fortsatt fin veke og god helg!
* * * * * * * *