Tjærebrenning i mile – «Frå før i tida»
Måleriet på toppen er måla av Ola G. Bismo (1910-1973).
Det vart måla i 1961, på peisen i barndomsheimen min. Mila var i nærleiken av barndomsheimen min, men når den var i bruk, det veit eg ikkje. Eg hugsar den berre som nedgrodde ruinar, som ein framleis kan sjå spora av.
Før i tida var milebrenning ein viktig leveveg for mange. No i nyare tid er det ein del som har teke opp att tradisjonen, mest som attåtnæring eller hobby. Her i Skjåk har det vore brent fleire miler dei siste 30-40 åra, og eg trur at det jamvel i år er eit par miler på gang.
Tor og ein kompis, Tommy Rusten, fekk lyst til å prøve dette handverket. Fyrste gongen, i 1992, restaurerte dei ein gamal tjærevang. Men i 1994 bygde dei ein ny vang (tjærevang), «frå botnen av».
Dei tok ein del bileter, av heile prosessen, som vi legg ut her, saman med litt informasjon.
«En gyllenbrun, solstekt trevegg.
Værbitt ujevn i fargen. Vakker og rotekte norsk.
Den harmoniske patinaen mange leter etter, får man best ved å ty til det samme råstoffet
som tømmeret selv har utskilt på gamle vegger.»
Milebrenning er ein svært langvarig og tidkrejvande arbeidsprosess.
Fyrst er det stubbebryting,
oppdeling og utvelging av råstoff.
Veden skal kappast og kløyvast,
renskast for rote treverk og ureinheiter som jord og sand.
Deretter må den tørke godt.
Tjærevangen, der tjæra skal brennast, blir mura opp med botn som ei trakt.
Botn blir dekt med ei spesielt tett leire, så tjæra skal renne ned i trerenna («troa») som fører ned i oppsamlingstønna.
Fyrst legges lekter, deretter farved.
Den tørre veden blir lagt i eit spesielt mønster,
ringvis innover mot midten (enkelte startar utover frå midten).
Karane hadde rekna ut, at dette var 13. gongen dei handterte veden / vedstikka…
Ringvis innover, til den får form som ei halvkule.
Oppbygginga må utførast nøyaktig, det er viktig at luftlommer og ujevnheiter unngås, slik at mila kan brenne jamt og kontrollert.
Vedstabelen dekkes til slutt med lyngtorv,
for at ikkje for mykje luft skal koma til.
Nede ved bakken blir det sett att opningar mellom torvstykka,
slik at ein kan tenne opp mila der.
Opningane tettes når varmen har fått ordentleg tak.
Deretter skal mila brenne, eller ulme.
Det er viktig at varmen breier seg langsamt og jamt innover mot sentrum i mila.
Opne flammer skal helst ikkje forekoma.
Det er den høge temperaturen som gjer at tjæra skil seg ut.
Det bør vera relativt vindstille ved milebrenning,
elles er det vanskeleg å få mila til å brenne jamt og kontrollert.
Det tek vanlegvis om lag tre døgn å brenne ei tjæremile, og den må passast på heile døgnet.
Eit hol i sentrum av botnen tjener som avløp for tjæra, der den renn ned i oppsamlingstønna.
Utradisjonelt – men i glohaugen kan «Kaffe-Lars» koke…
Kolet vart tidlegar brukt til smikol.
I dag brukes det mest til grilling, noko det er godt eigna til.
– – Tommy og Tor brente fleire miler, den siste i 1996.
– – Bileta er frå 1994 og 1996.
– – Tjærevangen vart bygt i 1994.
Slik står tjærevangen i dag, langt inne i skogen – 20 år etter at den sist var i bruk…
…og minnar om ei tid som var.
På toppen gror trær – og nokon ser nytte i den til anna enn tjærebrenning…
* * * * * * * * * * * * * * * * * * * *